FysioterapiFysioterapi kan vera forebyggjande helsearbeid, behandling av sjukdom eller skade. Både barn og vaksne kan ha behov for fysioterapi. Fysioterapeuten undersøker og behandlar. Det er også mogleg å delta i gruppetrening og få råd og rettleiing. Du kan få hjelp av fysioterapeut anten du bur heime, på sjukeheim eller annan institusjon. Om du bur heime og det er vanskeleg for deg å koma deg til fysioterapeuten grunna helsemessige årsaker, kan du få tilbod om å få behandlinga heime eller ha rett til å få rekvirert drosje. Kva må du betala? Du må betala ein eigenandel. Eigenandelen er lik hos kommunal fysioterapeut og privat fysioterapeut med avtale. Prisane finn du her i takstplakaten. Barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade betalar ikkje eigenandel. Slik bestillar du time hjå kommunefysioterapeut og bassengtrening: Send søknadsskjema i posten til Fysioterapitenesta i Hå, Lyngvegen 14, 4365 Nærbø. Eller du kan levera søknadskjemaet hos Fysioterapitenesta i Hå, Lyngvegen 14 (2.etg) , 4365 Nærbø. Ikkje send sensitive opplysningar på e-post. Trykk her for henvisning til barnefysioterapeut. (PDF, 45 kB) Trykk her for henvisning til fysioterapeut vaksne. (PDF, 45 kB) Trykk her for søknadsskjema til bassengtrening for barn. (PDF, 90 kB) Trykk her for søknadsskjema til bassengtrening for vaksne. (PDF, 47 kB) Det er åtte avtalefysioterapeuter med driftstilskot frå Hå kommune. Du kan ta kontakt direkte for å bestilla time. Privatpraktiserande fysioterapeutar med driftstilskot frå Hå kommune: Nærbøklinikken Jadarvegen 17, 4365 Nærbø Frode Skretting (spesialist i allmenn fysioterapi) – telefon 977 62 440 Nærbø fysioterapi Torggata 16, 4365 Nærbø Asgeir Kvalbein – telefon 988 52 325 Mariann Halvorsen (psykomotorisk fysioterapeut) – telefon 91 76 89 14 Varhaug fysioterapi Ånestadvegen 8, 4360 Varhaug Telefon 51 43 21 40 Anne Mari Weber Dahl Mari Åmot Geir Ove Buøy Vigrestad fysioterapi Lyngblomen 1, 4362 Vigrestad Glenn Ove Madland – telefon 976 80 042 Arvid Skurve – telefon 902 50 244 Sist endra 06.07.2023 13.09