På denne sida finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fakturaen du har fått.
Sjå dine fakturaer og søk om betalingsutsetting her
Betalingsfrist
Kommunale avgifter for vatn og avløp, renovasjon og feiing skal betalast to gongar i året.
Prisar
Me tilbyr e-faktura og avtalegiro
Me oppfordrar alle til å teikna avtale om e-faktura eller avtalegiro.
Avtalegiro og eFaktura er ein avtale mellom deg og banken din. Det går ikkje an for oss å oppretta, endra eller avslutta Avtalegiro eller eFaktura på dine vegne.
Du kan finna kopi av fakturaen i nettbanken din. Sjå i postkassen, eller under forfallsregister/avtale betalinger.
Ta kontakt med banken din om du treng hjelp.
Har du motteke efaktura i nokon andre sitt namn? Då har du sannsynligvis betalt ein faktura for vedkommande ein gong, og samtidig oppretta ein efakturaavtale. Du må sletta fakturaen. Ta kontakt med regnskap@ha.kommune.no slik at me kan senda ut faktura til rett mottakar.
Les meir om e-faktura og avtalegiro her
Får du rekninga til feil adresse?
Som eigar av ein eigedom har du ansvaret for å betale dei kommunale avgiftene.
Du kan fylla ut dette skjemaet for å gje beskjed til kommunen dersom rekninga kjem til feil adresse.
Er postane på fakturaen vanskelege å forstå?
Kva tyder "vatn målt forbruk fø"?
Det tyder vatn målt forbruk førre år. Denne summen er rekna ut frå antal målte kubikk som du brukte i fjor. (Me finn forbruket ditt ved å samanlikna målarstand du leverte ved nyttår, med målarstanden du leverte for eitt år sidan)
Kva er abonnementsavgift vatn?
Dette er eit fast beløp uavhengig av kor mykje vatn du bruker. Du betaler halvparten på våren, og halvparten på hausten.
Kva tyder akonto vatn?
Akonto er førehandsbetaling av forventa vassforbruk dette året. Dette er rekna ut i frå det vassforbruket du hadde i fjor. Du betaler halvparten på våren, og halvparten på hausten.
Kva tyder "fråtr akonto vatn fø"?
Fråtrekk akonto vatn førre år, tyder at me trekk frå det du betalte inn i forskott (akonto) i fjor. Viss forbruket ditt var høgare i fjor enn året før, vil det vera ein meirkostnad for deg på denne rekninga. Viss forbruket ditt var mindre i fjor enn året før, så trekk me dette i frå. Og rekninga di vil vera lågare.
Kva tyder abonnementsavgift kloakk?
Dette er eit fast beløp , som du betaler halvparten om våren og halvparten om hausten.
Kva tyder akonto kloakk?
Akonto er førehandsbetaling av forventa forbruk. Dette er rekna ut i frå det forbruket av vatn du hadde i fjor. Halve beløpet kjem på våren og halvparten på hausten.
Kva tyder renovasjon fast avgift?
Dette er den faste delen som alle betaler likt, uavhengig av kva slags abonnement du har på renovasjon. Halve beløpet kjem på våren og halvparten på hausten.
Kva tyder renovasjon rest?
Dette er den variable delen av renovasjonsavgifta som er rekna ut frå kva storleik renovasjonsdunken din har. Det er tre storleikar: 140 / 240 / 660 liter dunkar. Dersom det står "renovasjon rest 140" på rekninga di, har du restavfallsdunk på 140 liter. Det er størrelsen på restavfallsdunken som avgjer kor mykje du betalar i renovasjonsavgift.
Kva tyder slam?
Det tyder at eigedommen din ikkje er tilkopla det kommunale kloakknettet, men at du har ein septiktank på tomta di. Denne tanken må bli tømt annakvart år.
Kva tyder kloakk-drift og -bustad?
Har du gard med driftsbygning, står det slik på rekninga di. Betaling for vatnet blir rekna ut etter forbruk. Men betaling for kloakk er etter faste satsar. Ein driftsbygning blir rekna ut med 135 kubikk, og kvar bueining med 250 kubikk.