Viktig melding

Lukk meldinga

Politisk styring

Kommunestyret

Er det øvste folkevalde organet i kommunen. I Hå er 8 politiske parti og 1 bygdeliste representert i kommunestyret som har 33 medlemmar.

  • Kristeleg Folkeparti
  • Sosialistisk Venstreparti
  • Senterpartiet
  • Arbeiderpartiet
  • Fremskrittspartiet
  • Høgre
  • Hå-lista
  • Industri- og næringspartiet
  • Konservativt

Kommunestyret treff vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak (kommunelova §§ 5-3 og 5-4). Kommunestyret har møte omlag 8 gonger i året.  Andreas Bjorland frå Kristeleg Folkeparti (KrF) er ordførar i inneverande periode (2023 - 2027).

Formannskapet 

Består av 9 medlemmar frå kommunestyret. Formannskapet utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov, og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjera.

Utval for samfunn 

Har 9 medlemmar (+ 1 representant for barn og unge) valde for den kommunale valperioden (2023-2027). Utvalet arbeider med sitt respektive område innan den kommunale verksemda. Hovudområda er: Planar og planarbeid, næringsliv, veg/vatn og avløp, trafikktryggleik, gjenvinning, brannvesen, byggesak og landbruk.                                           

Utval for oppvekst og kultur 

Har 9 medlemmar valde for den kommunale valperioden (2023-2027). Utvalet arbeider med sine respektive arbeidsområde innan den kommunale verksemda. Ein kan nemna: Barnehage, skular, SLT, kulturvern, kulturskule - og fritid samt bibliotek.

Utval for helse- og velferd 

Har 9 medlemmar valde for den kommunale valperioden (2023-2027). Utvalet arbeidar med sitt respektive område innan den kommunale verksemda. Områder ein er innom er: Pleie og omsorg, helsetenester, helsesjukepleiar og jordmor, barnevern, NAV, samt psykisk helse og rusvern.

Kommunedirektøren 

Skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde og at vedtak vert sett i verk.

Politisk sekretariat 

Har som hovudoppgåve å betene dei politiske organa ved å leggja til rette for, og bidra til avvikling av møter i folkevalde styrer, råd og utval.