Dispensasjon

Viss du ønsker å bygga, riva eller endra noko som er i strid med lovar og reglar for din eigedom, kan du søka om dispensasjon. Dispensasjon vil seia at du får lov til å bygga eller gjera noko som du i utgangspunktet ikkje har lov til.  

Dei ulike områda i kommunen har ulike planbestemmelser. Før du startar eit byggearbeid må du sjekka kva planar og reglar som gjeld for eigedommen din. Kommuneplan, kommunedelplan og reguleringsplan kan du finne på vår kartportal.

Kartportal

Korleis søka om dispensasjon?

I søknaden skal du forklara tydeleg kva bestemmelse du søker dispensasjon frå og grunngi kvifor du treng dispensasjon. Du må også varsla naboar om dispensasjonen.
Du kan søka om dispensasjonen i forkant eller samtidig med tiltaket (det du skal bygga).

Informasjon om nabovarsling

Saksbehandling

Saksbehandlingsfristen er på 12 veker frå me mottek søknaden. Du vil normalt få ei tilbakemelding innan to veker om det er noko som manglar ved søknaden.

Dersom søknaden får følgjer for saksområda til andre instansar, vil dei få sjansen til å uttala seg om dei ikkje har gjort det i forkant. Andre instansar har svarfrist på fire veker.  

Saksbehandlingsgebyr for dispensasjon (2022-prisar)

Behandling i utval

9435 kroner

Tillegg for dispensasjon sendt på høyring

4700 kroner

Dispensasjonar behandla i delegert vedtak

5660 kroner

Opningstider

Byggesakskontoret er ope måndag til fredag 12.30-14.00.

Klikk her for å bestilla møte

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000