UngdomsrådetEr du samfunnsengasjert og ønsker å påvirke korleis det er å bu og leva for barn og unge i Hå kommune? Då bør du melde di interesse for å bli med i ungdomsrådet i Hå! Ungdomsrådet har 7 møte i året der ein diskuterer saker som har betydning for barn og unge i kommunen, og får koma med uttale i saker som skal til behandling i kommunestyret. Ungdomsrådet skal fremma dei unge sine interesser og skal ha ei rådgjevande rolle for kommunen i saker som i særleg grad gjeld ungdom. Ungdomsrådet er sett saman av 15 faste representantar i alderen 13–19 år og kan uttala seg i mellom anna: saker som skal til politisk behandling og handlar om barn og unge eller har konsekvensar for desse saker etter eige initiativ som gjelder barn og unge gjennomføring av eigne arrangement av eige budsjett Leiar: Sandra Kristensen Nestleiar: Thilde Skretting Ungdomsrådet finn du på Instagram @uraahaa Kva oppgåver har ungdomsrådet? Ungdomsrådet har rett til å uttala seg i saker som skal til politisk behandling og handlar om barn og unge eller har konsekvensar for desse. I Hå kommune legg Ungdomsrådet vekt på å laga arrangement og bidreg til å fremma eit godt sosialt miljø for ungdom. Ungdomsrådet kan sjølv ta initiativ til saker som gjeld barn og unge. Leiar av ungdomsrådet kan be om ordet i starten av kommunestyremøta. Taletid vert sett i samråd med ordførar. Det skal skrivast ei årsmelding om arbeidet i Ungdomsrådet, som skal sendast til utval for opplæring og kultur og kommunestyret. To representantar frå Ungdomsrådet skal vera med i planlegginga til barn og unges kommunestyre. Ungdomsrådet er bindeleddet til Ungdommens fylkesråd. Får ein betalt for å vera med i Ungdmsrådet? Representantane får eit møtehonorar på 400 kr pr. møte. Leiar får 600 kr. pr. møte. Varamedlemmar får møtegodtgjersle når dei trer inn som medlem pga. avbod frå faste medlemmar. Reelle reisekostnadar vert refunderte. Møteplan, saksliste og oversikt over medlemmar Her finn du møteplan, saksliste og oversikt over medlemmar Sist endra 19.09.2023 04.06