Viktig melding

Lukk meldinga

Besøksheim

Å vera besøksheim betyr at ein tek i mot eit barn eller ein ungdom til faste tider.

Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver. 

Slektningar kan også vera besøksheim.

Kva er ein besøksheim?

Ein besøksheim er ein familie som opner heimen sin for barn/ungdom for å hjelpa å støtta familiar som har behov for det.

Kven kan vera besøksheim?

Det er ikkje krav om utdanning for å verta besøksheim. Det viktigaste er om du passar til det. Det er viktig at besøksheimen har rygge og stabile vaksne som har husrom og hjarterom.

 

Du kan vera besøksheim sjølv om du har eigne barn.

 

Slektningar kan også vera besøksheim.

Kva gjer eg for å verta besøksheim?

For å verta besøksheim må du ta kontakt med barneverntenesta. Du må i tillegg leggja fram barneomsorgsattest som du får hjå politiet.

Opningstider

07.45 - 15.15

Kontakt

Therese G. Haugstad
Leder
Mobil: 45219038

Kartpunkt