Skulefritidsavlastning (SFA)

Skulefritidsavlasting er ei teneste du kan søkja om, viss du har barn med nedatt funksjonsevne som går på vidaregåande skule.

Trykk her for søknadsskjema (PDF, 432 kB)

Frist for å søkja om SFA er 1.mai.

Tildeling av SFA vert gjeve etter ei individuell og fagleg vurdering. Tenesta vert gjeven som eit enekltvedtak.

Kriterier som ligg til vurdering:

  • Eleven går på vidaregåande skule og bur i Hå kommune.
  • Eleven har nedsatt funksjonsevne og har behov for tilsyn.
  • Føresette er i arbeid.
  • Langvarig sjukdom hjå føresette.

 

Kvar held SFA til?

SFA held til på Skjeraberget på Nærbø.

Om det er andre stadar som er meir føremålstenleg vert dette vurdert. 

Kva tidspunkt har SFA ope?

SFA har ope etter skuletid måndag til fredag fram til klokka 15.30.

På skulen sine fridagar har SFA ope klokka 08.00-15.30.

SFA vert ikkje gjeve i helg/høgtid og i juli månad.

Kva kostar SFA?

Tenesta er gratis.

Kontakt

Marianne Aarsland
Rådgiver
Mobil: 91145270
Anne-Brit Rørtveit
Leder
Mobil: 92226767