Jegerprøven

Alle som skal jakta må ha bestått jegerprøven.

Jegerprøven består av eit obligatorisk jegerprøvekurs og ein elektronisk jegerprøveeksamen. Du må gjennomføra obligatorisk kurs hjå godkjent kurshaldar før du kan ta eksamen i kommunen.


Elektronisk jegerprøveeksamen

Etter du har registrert deg som kandidat og betalt eksamensavgift kan du ta elektronisk jegerprøveeksamen i Hå kommune (rådhuset på Varhaug).

Eksamen er ein elektronisk prøve (på pc) som består av 50 spørsmål med 3 svaralternativer til kvart spørsmål. 80 % av svara må vera korrekt besvart, for at du skal få bestått eksamen. Det vert stilt spørsmål innanfor alle relevante emner som du har vore innom i  jegerprøve-kurset.

Skal du ta eksamen? 

NB! På grunn av "koronasituasjonen" er det for tida begrensa adgang til å få gjennomført jegerprøveeksamen i Hå rådhus. 
Har du spørsmål?
Kontaktperson er Trude Høyland -  e-post trho@ha.kommune.no eller telefon 905 64 392
Du kan melda deg på til eksamen ved å bruka skjema nederst på denne sida

Felt merka med * må fyllast ut