Strøing og brøyting

Hå kommune har ansvar for strøing og brøyting på kommunale vegar. Kommunen har ikkje ansvar for private vegar og fylkesvegar med gang- og sykkelveg. For fylkesvegar i kommunen, meld frå på telefon 175.

Vêrforholda skiftar raskt på Jæren og det tar tid å strø/brøyta alle områda i kommunen dersom det for eksempel plutseleg frys på. Regn og vindforhold gjer at me ikkje kan starta strøing før frosten kjem.

Me prioriterer kommunale vegar der det er mest behov til ei kvar tid, noko som kan variera frå dag til dag. Utgangspunkt for prioritering er:

  1. Kommunale hovudvegar og tilkomst/parkering for skular, barnehagar og institusjonar vert prioritert der det er mest behov.
  2. Industriområde.
  3. Byggefelt og kommunale vegar med lite trafikk.

Kommunen saltar ikkje, men nyttar strøsand med små menger salt i. Det er derfor ikkje eit mål at alle kommunale vegar til ei kvar tid skal vera frie for snø/is. Me oppfordrar alle til å tilpassa køyring etter forholda, jamfør Vegtrafikklova.