KvardagsrehabiliteringKvardagsrehabilitering er eit tidsavgrensa tilbod til vaksne med redusert fysisk funksjon som gjer det vanskeleg å meistra kvardagen. Trykk her for søknadsskjema Kva er kvardagsrehablitering? Kvardagsrehabilitering er eit tilbod som går føre seg heime hos deg og/eller i nærmiljøet ditt. Det tar utgangspunkt i det du tykkjer er viktig og kva du ønskjer å få til av ulike aktiviteter i kvardagen din. Kvardagsrehabilitering arbeider som eit team som består av sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut. Kven kan få tilbod om kvardagsrehabilitering? Kvardagsrehabilitering er for: deg som bur heime og har opplevd ei endring i funksjonsnivå deg som treng tilrettelegging for å klare daglege aktivitetar deg som treng tryggleik når du skal trena deg opp etter sjukdom Kva kan du venta deg som mottakar av kvardagsrehabilitering? Me kan hjelpa deg med å trena på det som er viktig for deg å klara sjølv i kvardagslivet. For å oppnå det arbeider me intensivt saman med deg i ein avtalt tidsperiode. Kva ventar me av deg? Du må vera motivert for å gjera ein innsats. Kontaktinformasjon: Ergoterapeut Kari Helgøy Haaland Mobil: 99214908 Send e-post Sist endra 09.02.2023 08.54