Viktig melding

Lukk meldinga

Jakt og viltforvaltning

Hjortedyrvald

Det er opna for jakt på elg, hjort og rådyr i Hå kommune. Minsteareal for felling av hjortedyr i Hå kommune er 500 daa for rådyr, 2000 daa for hjort og 12000 daa for elg. Området skal vere samanhengande og eigna for jakt.

Søknadsfrist for godkjenning av nytt vald er 15. mai. For endring av vald er søknadsfristen 1. april.

Det er utarbeida eit skjema for godkjenning av vald. På skjemaet står nødvendig informasjon om vald og utfylling av skjema. Legg ved eit kart saman med søknaden med innteikna yttergrenser for valdet, og eventuelle eigedomar som ikkje er med i valdet må merkast godt. Søknad med vedlegg skal sendast Hå kommune.

Anna jakt

For anna jakt på til dømes hare, rev, ender osv. må ein inngå avtale med aktuell grunneiger eller jaktrettshaver.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000