Tall Ships Races-fest i Sirevåg i 2023 Hald av 21. juli, då blir det skutefest i Sirevåg i kjend stil! Tall Ships Races sin vennskapsetappe går i år frå Fredrikstad til Lerwick, med eit stopp i Sirevåg på halvvegen. Fredag 21. juli blir det nok ein gong ein festdag med store seglskuter i Sirevåg. Foreløpig program: «Christian Radich», «Sørlandet», «Morgenster» og fleire andre flotte skuter kjem. Opne scenekonsertar dag og kveld. Konsert på fullriggaren «Sørlandet» (billettpris 250 kroner). Gilde aktivitetar for små og store. Lokale salsbuer. Me vil oppdatera desse sidene med meir detaljar etter kvart som arrangementet nærmar seg. Du kan også trykka «Deltek» eller «Interessert» på Facebook-arrangementet Skutefest i Sirevåg 2023, så får du fortløpande oppdateringar der. Vil du vera sponsor? Vil du vera med på laget som økonomisk støttespelar? Her finn du informasjon om sponsing. Sist endra 15.05.2023 14.02