Viktig melding

Lukk meldinga

Pris og betaling for barnehageplass

Oversikt over fakturaer frå Hå kommune finn du her

Her kan du òg søka om utsetjing.

Kva kostar det?

Prisar barnehage
Dagar i veka Pris
5 dagar kr 3000
4 dagar kr 2640
3 dagar kr 1980

Barnehagane har 11 betalingsterminar. Det er lagt til 10% på deltidsplassar.

Andre prisar i barnehage
Andre prisar Pris
Heildagsplass på enkle dagar (ved ledig kapasitet) 300 kroner per dag
Open barnehage 20 kroner per dag

Prisane gjeld for både kommunale og private barnehagar.

Når kan du få redusert barnehagepris?

Dersom du har fleire barn i barnehage

Du får automatisk søskenrabatt om du har fleire barn i barnehagen. 

  • Du betalar 70% for barn nummer to.
  • Har du tre eller fleire barn i barnehagen er oppholdet gratis..

Søskenrabatt gjeld sjølv om du har eitt barn i kommunal barnehage og eitt barn i privat barnehage.

Dersom husstanden har låg inntekt

Er maksprisen  høgare enn 6 prosent av den samla inntekten til husholdninga, kan du søka om redusert betaling.

Alle 2, 3, 4, og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart har rett på 20 timar gratis kjernetid. Fra 1. august 2023 er inntektsgrensea 615 590.

Du søker om redusert foreldrebetaling i same portal som du søker om barnehageplass

Søknadsfrist for redusert barnehagepris

For å få behandla søknaden om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid frå nytt barnehageår må du søka innan 1.juni. Søknadar som kjem inn etter 1. august blir gjeldande frå månaden etter motteken søknad.
 
Hugs at du må senda søknad om redusert foreldrebetaling kvart år. 

Gå til sida om redusert barnehagepris for å lesa meir