Standard størrelse på dunkane
|
1573 kroner per år
|
Utvida standardsett (Større restavfallsdunk på 240 liter)
|
2696 kroner per år
|
Stort sett (660 liter restavfall)
|
7411 kroner per år
|
Ekstra papirdunk
|
303 kroner per år
|
Kompostbinge
|
Ingen årlege gebyr, men 242 kroner for frakt. Viss du vil ha kompost i staden for abonnement på våtorganisk søppeldunk, får du eit fråtrekk på renovasjonsrekninga på 944 kroner i året.
|
Deling av avfallsdunkar
|
Fleire abonnentar kan dela avfallsdunkar. Det er billigare enn å ha eigne dunkar. Alle betalar den faste avgifta, men det variable gebyret blir delt på dei som deler dunkane.
|
Endring av størrelse på dunkar
|
Om du skal endra størrelse på avfallsdunkane, vil det kosta 242 kroner for skifte av dunkar. (NB! Denne må vera tom og reingjort) Å endra størrelse eller tal på dunkar påverkar renovasjonsgebyret.
|
Trillehjelp til å setta fram dunken
|
Er det vanskeleg for deg å setja fram dunken? Ved å betala 1016 kroner per år, trillar me dunken fram til vegen for deg. Denne prisen gjeld for alle fire dunkane inntil 25 meter. Om me må trilla dunken lenger enn 25 meter, kostar det 25 kroner for kvar påbyrja ti meter.
|
Nedgravde konteinarar
|
Om du bur ein plass med nedgravde konteinarar, betalar du 1573 kroner kvart år.
|