Viktig melding

Lukk meldinga

Tilskot til drenering av jordbruksareal

God drenering gjev grunnlag for å få gode avlingar med god kvalitet. Det er også eit viktig ledd i å tilpassa jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer faren for tap av plantenæring og erosjon frå jordbruksareal, og bidreg på den måten til god vasskvalitet og eit godt vassmiljø. Godt drenert jord slepp dessutan ut mindre lystgass enn vassmetta jord.

Tilskotet utgjer inntil kr 2.500 per dekar eller kr 38 per løpemeter ved mindre grøftearbeid. Tilskot under kr 3.000 vert ikkje utbetalt.

  • Arealet må tidlegare ha vore grøfta og arbeidet må ikkje vere igangsett.
  • Det må leveras inn søknad og ligga føre ein godkjent grøfteplan før arbeidet vert sett i gang.
  • Kommunen betalar ut tilskotet etter at søkjar har dokumentert at tiltaket er gjennomført og det ligg føre eit grøftekart.
  • Søkjar må ta kontakt med kommunen mens arbeidet pågår eller umiddelbart etterpå.
  • Tiltaket må gjennomførast innan tre år frå søknaden vart innvilga.

Korleis søka

Det skal søkes digitalt på denne ordninga. Gå til www.altinn.no og logg på med BankID eller lignende. Velg landbruksforetaket ditt som Aktør, eller eventuelt deg selv som privatperson, dersom du søker som privatperson. Søk opp og velg skjemaet Tilskudd til drenering i landbruket. Legg inn informasjon om tiltaket og last opp nødvendige vedlegg. (Kart er obligatorisk).

Ta gjerne kontakt med landbrukskontoret for hjelp til grøftekart og dersom du trenger hjelp til å søka.

Kontakt

Alf Henning Haukeland
Spesialkonsulent, landbruk
Mobil: 99214824