Gebyr for vatn og avløpNår betalar eg gebyr for vatn og avløp? Du betalar gebyr for vatn og avløp saman med renovasjonsgebyret og feiegebyret. Kommunen sender ut faktura to gongar i året. Betalingsfristane er 1. april og 1. oktober. Kvifor betalar eg gebyr for vatn og avløp? Avgift for vatn og avløp er betaling for at du har reint vatn i springen, avløp frå eigedommen og at spillvatnet (kloakken) blir reinsa. Kor mykje betalar eg for vatn og avløp? Årsgebyr for vatn og avløp består av ein fast del (abonnementsgebyr) og ein variabel del (forbruksgebyr). Abonnementsgebyr Du betalar eit fast beløp uavhengig av kor mykje vatn du brukar. Du betalar halvparten på våren, og halvparten på hausten. Vatn og avløp: Abonnementsgebyr Avgift Pris Årsabonnement på vatn 272 kroner per år Leige av vassmålar i standard størrelse 87 kroner per år Årsabonnement på kloakk 1576 kroner per år Pris er eks. mva Forbruksgebyr Forbruksgebyret for vatn og avløp blir rekna ut frå målt forbruk via vassmålar. Avrekninga av forbruket skjer ein gong i året. Vatn og avløp: Forbruksgebyr Forbruk Pris Vatn 8,18 kroner per kubikk Avløp 12,41 kroner per kubikk Pris er eks. mva Publisert29.04.2019 11.23