Produksjons- og avløysartilskot i jordbruket

Produksjonstilskot er ei fellesnemning for fleire statlege tilskotsordningar for føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon.

Avløysing ved ferie- og fritid(avløysartilskot) er ei refusjonsordning der føretak med husdyrproduksjon kan få dekka utgifter til avløysing. For å kunne få tilskot til avløysing må føretaket disponere dyr pr. 1. mars og/eller 1. oktober, og søke om refusjon av faktiske utgifter i oktober.

Kommunen mottek og behandlar søknadane, og tilbyr også rettleiing til søkarar.

Korleis søka?

Mer informasjon om kven som kan søka, rettleiing og søknadsmateriell finn du på landbruksdirektoratet.no.

Søknadsfristar

Det er to søknadsfristar i året. 

15. mars: Søknad for husdyrprodusentar.
15.oktober: Søknad for husdyr- og planteprodusentar.

Føretaka kan endra opplysningane i søknaden innenfor 14 dagar etter søknadsfristen..

Etterregistrering

Enkelte opplysninger kan etterregistrerast. Frist for etterregistrering er 10. januar.

  • Avløysarutgifter for perioden 15. oktober til 31. desember.
  • Dyr på beite. 
  • Livdyr av gris, kylling og kalkun som er selde mellom 15. oktober og 31. desember.
  • Tal rugeegg levert til rugeri i søknadsåret.
  • Frukt, bær, veksthusgrønnsakar, samt poteter produsert i Nord-Norge, som er selde mellom 15. oktober og 31. desember, og som du søker om distriktstilskot for.

Avløysartilskot ved sjukdom og fødsel

Avløysartilskot er ein del av velferdsordningane i landbruket.

Du kan søka om tilskot til avløysing ved mellom anna: sjukdom, svangerskap/fødsel/adopsjon, følge av sjuke barn til behandling og ved dødsfall.

Utmåling av tilskot vert berekna etter dyretal 1. dag du er sjuk og utbetalt etter dokumenterte utgifter.

Planteprodusentar kan også få avløysartilskot ved sjukdom i vekstsesongen.

For avløysing ved sjukdom osv. søker du innan eitt år etter siste avløyste dag, Den som vert avløyst må ha næringsinntekt frå jordbruk eller gartneri. Tilskot vert vert berekna etter produksjon på føretaket. Du må dokumenterea utgifter til avløysar,sjukmelding og utbetaligar frå NAV. 

Tiskotet kan heilt elle delvis dekka utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.

Kontakt

Alf Henning Haukeland
Landbrukskonsulent
Telefon: 51 79 31 23
Else Brit Helland Mæland
Landbrukskonsulent
Telefon: 51 79 31 27