Viktig melding

Lukk meldinga

Bilete

Leikeplassar og grøntområde

Hå kommune har ansvar for cirka 130 offentlege leikeplassar og mange fri- og grøntområde.

Den omfattande folkeveksten og utbygginga som har vore i kommunen dei siste åra har auka behovet for tilrettelegging og vedlikehald av gode friområde og grøntdrag i tettstadane. Ein av dei viktigaste føresetnadane for å kunne forsvare og gjennomføre ei omfattande utbygging av bustadprosjekt med høg tettleik, er at bebuarane i desse bustadane har god tilgang til gode friområde og turdrag i nabolaget.


Framdrift og vedlikehald av leikeplassar og friområde er ei kommunal oppgåve. Vellag og organisasjonar gjer dugnad på leikeplassar og nærmiljøanlegg mot tilskot frå kommunen etter avtale. Alle leikeapparata på leikeplassane må årleg verte godkjent for å vere lovlege.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000