Viktig melding

Lukk meldinga

KI plattform for Jærskulen

Klepp, Hå, Time og Gjesdal kommunar har saman laga plattform KI Jærskulen med ulike språkmodellar. Vi er oppteken av at både elevar og tilsette treng å øva seg på både å forstå og å bruke KI (kunstig intelligens) som eit verktøy på ein trygg og datasikker måte. 

Plattforma er laga etter modell av Randabergskulen og er drifta av digitale ressurspersonar i Jærskulen. Plattforma har FEIDE-innlogging og samlar ikkje inn personopplysningar om brukarane. KI Jærskulen er bygd opp av pedagogisk retta chatbotar.

Elevane vil i løpet av våren få opplæring og tilgang til KI Jærskulen. Dette vil vera ein god stad å øve på og forstå kva KI er og korleis ein kan bruke dette på ein god måte i møte med læring og tekstskaping.

Arbeidet med bruk av KI Jærskulen bygger på Utdanningsdirektoratet sine råd om KI i skulen, der det mellom anna står:

«Formålet med skolen beskrives i opplæringsloven, der det blant annet står at skolen skal bidra til "opne dører mot verda og framtida" og fremme verdier som demokrati, ytringsfrihet og menneskerettigheter. KI er en viktig del av den verden og fremtiden elevene møter. Samtidig kan verdier som demokrati og ytringsfrihet være under press i en verden der "fake-news" og påvirkningskampanjer får enda sterkere verktøy gjennom bruk av KI. Mange av de mest brukte sosiale mediene bruker allerede KI i sine tjenester. Hvilken kunnskap trenger barn og unge for å manøvrere trygt i dette landskapet og hvordan kan skolen bidra?» Kilde: udir.no (råd om KI i skolen).

Her finn du meir utfyllande informasjon om bakgrunnen for at Jærskulen vel å nytte språkmodellar:

Ein ressurs for både elevar og lærarar

Ein språkmodell kan vere ein digital assistent i arbeidet på skulen, både for læraren og eleven. Det er riktig at ein språkmodell av og til kan skrive ting som ikkje stemmer med verkelegheita, men den har gode allmennkunnskapar og er tilgjengeleg 24/7 som ein nyttig ressurs når det er noko du lurer på eller treng hjelp til. Dessutan er den flink med alt som har med språk å gjere – og skriv gode modelltekstar til kva det skal vere.

Eit utjamnande verktøy

Det er ikkje alle elevar som har tilgang til like mykje hjelp til skulearbeid heime som andre elevar. På skulen skjer det òg at elevar blir sitjande for seg sjølve og vente på hjelp. Dette kan ein språkmodell hjelpe til med. Han er ikkje like bra som ein velutdanna og trygg lærar, men han kan likevel vere til god hjelp i mange situasjonar. Elevar og lærarar kan få språkmodellane til å gi dei tekstar som passar til det dei treng dei til.

Betre tilpassa læring

Ein språkmodell svarar så godt han kan på spørsmål og oppdrag han får av brukaren, og ut frå kva brukaren seier at denne sjølv treng. Dette gir høve for elevane til å få svar tilpassa akkurat det dei lurer på og med utgangspunkt i kva dei forstår. Ein språkmodell meiner ikkje noko om spørsmål og tekstar er dumme eller ikkje, og svarar alltid oppmuntrande og imøtekommande. Han kan òg raskt forenkle tekstar, finne ut kva som er viktig i ein lang tekst, omsetje til andre språk og forklare tekstar på andre måtar.

Han hjelper òg dyslektikarar til å skrive gode tekstar utan skrivefeil og med godt språk.


 

Samarbeid og interaksjon

Ein språkmodell kan brukast som eit samarbeidsverktøy, der elevar og lærarar kan diskutere idear og løyse problem saman med prateroboten. Dette kan gi djupare forståing av fagstoff og utvikle kritisk tenking og problemløysingsevner. OpenAI sine språkmodellar er òg trente på å vere svært gode samtalepartnarar, noko elevar (og lærarar) set stor pris på når dei lurer på noko.

Demokrati og medverking

Elevar (og lærarar) får hjelp til å uttrykkje meiningar og til å fremje desse i aktuelle situasjonar og ulike former. Språkmodellen gir elevar råd og hjelp til korleis dei skal få fremja sine eigne meiningar og bli høyrt på ein god måte i ulike situasjonar. Dette kan vere alt frå konkrete råd om korleis du kan bli høyrt, korleis du kan undersøkje kva andre meiner, og til å få skrive ferdige brev til politikarar om det som opptek deg. Språkmodellen kan hjelpe elevar og lærarar til å bli høyrt og forstått.

Interesse, engasjement og motivasjon

Ein språkmodell kan òg fungere som ei kjelde til inspirasjon og engasjement for elevar og lærarar. Ved å utforske ulike måtar å bruke teknologien på, kan dei oppdage nye måtar å lære, undervise og samarbeide på. Mange elevar gir tilbakemelding om at ei enkel forklaring frå KI-en kan vere starten på interesse for eit fagtema dei elles ikkje hadde brydd seg om.

Tilpassing til den digitale verden

Når vi tilbyr ulike variantar av språkmodellen til lærarar og elevar, gir vi dei høve til å bli kjent med og utnytte ny teknologi på ein trygg og kontrollert måte. Dette førebur dei på ein kvardag der kunnskap om digitale verktøy og evna til å forstå ny teknologi er viktig.

En trygg måte å bruke KI på

Det er eit vell av ulike KI-tenester tilgjengeleg på Internett, og dei fleste tenestene er bak både innlogging og betaling. Lærarar og elevar har behov for tilgang til ein KI der dei slepp å betale for tilgangen, verken med pengar eller opplysningar. Dei har rett til å vere anonyme. Dette har vi ordna gjennom denne løysinga som er sett opp for Jærskulen.

Tidssparing for lærarar

Ein språkmodell kan lette arbeidsbyrda for lærarar ved å hjelpe dei med administrative oppgåver, korrekturlesing, undervegsvurdering og å førebu undervisningsmateriell. Dette gir lærarar meir tid til å fokusere på elevane sine individuelle behov og læring.