Trykk her for søknadsskjema (DOCX, 283 kB)
Frist for å søkja er 1.mars.
Tildeling av SFO vert gjeve etter ei individuell og fagleg vurdering, som eit enkeltvedtak.
Elevar med nedsatt funksjonsevne som har behov for tilsyn, der føresette er i arbeid eller har langvarig sjukdom, kan søkja.
Tenesta vert gjeven på skulen der eleven går. Ved feriar er SFO samla på Bø skule på Nærbø.
- Tenesta er gratis.
- Opningstida er klokka 07.00 til 16.00 på kvardagar.
- Ved skulen sine feriedagar er SFO ope frå klokka 08.00 til 16.00.
- Det vert ikkje gjeve SFO helg/heilagdager/planleggingsdagar og i juli månad.