Viktig melding

Lukk meldinga

Siste nytt om koronavaksine

Vaksinetilbod

  • Alle over 75 år vert anbefalt å ta 5. dose vaksine innan utgangen av april.

  • Alle over 18 år kan nå få 4. dose vaksine, om dei sjølv ønsker det. Les meir om oppfriskingsdose på nettsidene til FHI.

  • Ditt apotek Vigrestad og Apotek 1 Heilo på Nærbø vaksinerer ein dag i veka. Dette er gratis for alle. Ta kontakt direkte med apoteket for bestilling av time.

  • NB! Om du har testa positivt, må du venta minimum tre veker til du kan ta vaksine, men lengre intervall vil gje betre immunrespons. 

Bestill vaksine

5. dose
  • Regjeringa anbefaler ny oppfriskingsdose til alle som er 75 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheimar. Vaksineringa bør gjennomførast i løpet av april, så det blir tilstrekkeleg intervall til ein eventuell ny oppfriskingsdose før vintersesongen 2023-24.
  • Det må gå minst tre månader mellom fjerde og femte dose, men det bør vera omtrent seks månader mellom dosane. Om du har testa positivt, må du venta minimum tre veker til du kan ta vaksine. 

Du kan bestilla time på apoteka i Hå:

  • Ditt apotek Vigrestad, vaksinerer ein dag i veka. Ta kontakt med apoteket for bestilling av time.
  • Apotek 1 Heilo på Nærbø vaksinerer ein dag i veka. Ta kontakt med apoteket for bestilling av time eller bestill via denne lenka:

Her kan du bestilla vaksinetime på Apotek 1 Heilo

4. dose

Alle over 18 år kan nå få 4. dose vaksine, om dei sjølv ønsker det.

Desse gruppene er anbefalt å ta ein fjerde dose som oppfriskningsdose:

Du kan bestilla time på apoteka i Hå:

  • Ditt apotek Vigrestad, vaksinerer ein dag i veka. Ta kontakt med apoteket for bestilling av time.
  • Apotek 1 Heilo på Nærbø vaksinerer ein dag i veka. Ta kontakt med apoteket for bestilling av time eller bestill via denne lenka:

Her kan du bestilla vaksinetime på Apotek 1 Heilo

1., 2. og 3. vaksinedose

Alle under 16 år treng samtykke frå begge føresette. Skjemaet for samtykke finn du her.

Gjeld det barnevaksine for 5-11-åringar eller Moderna-vaksine, er det Vigrestad legesenter som skal kontaktast.

Her finn du informasjon om godkjenning og biverknadar av koronavaksiner.

Sjekkliste for dei som skal på reise

Har du feil i koronapasset ditt?

Folkehelseinstituttet ber alle sjekka om opplysningane i koronasertifikatet er riktige. I skjemaet under kan du melda i frå dersom vaksinedosane du har fått ikkje er ført opp rett i sertifikatet. Det er bare feilregistrering av vaksine du kan melda i frå om her. (Alt som har med feilregistrering av påvist smitte, må du melda til HelseNorge)

Meld om feil i koronapass (gjeld bare vaksine)

Meir informasjon

For meir informasjon om koronavaksinen, sjå helsenorge.no og nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Information about the vaccine in English and other languages