Omsetningsoppgåve og løyvegebyr Alle som har sals- eller skjenkeløyve må kvart år betala eit gebyr til kommunen. Fristen for å levera omsetningsoppgåva er 18. mai. Korleis levera omsetningsoppgåva? Styreleiar eller dagleg leiar i selskapet fyller ut og sender inn eit digitalt skjema. Personar med fullmakt kan også senda inn skjemaet. Dersom du har fleire løyve, må du senda inn eitt skjema for kvar sals- eller skjenkestad. Opplysningane om omsetninga bør vera stadfesta av revisor. Her kan du levera omsetningsoppgåva. Kor stort vert løyvegebyret? Størrelsen på løyvegebyret er avhengig av kor mykje alkohol staden selde året før. Gebyret utgjer minimum 1850 kroner per år for daglegvarehandel og minimum 5800 kroner per år for skjenkestader. Satsar for gebyret finn du i alkoholforskrifta. Faktura Kommunen sender ut faktura når omsetningsoppgåva er motteken. Sist endra 11.04.2023 12.29