Konsekvensar ved regelbrot

Sjå kva stader som har fått prikkar

Her legg me ut ein oversikt over sals- og skjenkestader som har fått prikkar, og årsaka til prikktildelinga. 

Her finn du oversikt over prikkar ved sals - og skjenkestader i Hå kommune (XLSX, 10 kB)

 

Tal på prikkar for kvart regelbrot

8 prikkar

  • Sal og skjenking til mindreårige
  • Brot på bistandsplikta
  • Brot på krav om forsvarleg drift
  • Hindring av kontroll 

4 prikkar

  • Sal og skjenking til åpenbart berusa person
  • Brot på skjenketidene
  • Skjenking av sprit til person mellom 18 og 20 år
  • Brot på alderskrav til den som sel eller skjenker alkohol 

2 prikkar

  • Åpenbart påvirka person i lokalet
  • Manglar ved internkontrollsystemet
  • Manglande levering av omsetningsoppgåve
  • Manglande betaling av gebyr
  • Brot på reglar om styrar og vara
  • Gjenteken diskriminering 
  • Gjenteken narkotikaomsetnad

1 prikk

  • Brot på reglane om alkoholfrie alternativ
  • Brot på reglane om plassering av alkoholhaldig drikk på salsstaden
  • Brot på reglane om skjenkemengde for brennevin
  • Brot på vilkår i bevillingsløyve
  • Konsum av medbrakt alkohol
  • Gjester tar med alkohol ut
  • Brot på reklameforbodet

Lover og reglar

Forskrift om prikktildeling

Alkoholpolitiske retningslinjer Hå kommune 2020-2024 (DOC, 355 kB)