Viktig melding

Lukk meldinga

Hytterenovasjon

Hytter har ikkje eigne dunkar, men leverer avfall til felles dunkar/sekkar i søppelskur. 

Hytterenovasjon er meint for avfall frå den daglege hushaldninga når du er på hytta, tilsvarande det du kastar i dunkane dine heime. Større gjenstandar må du ta med seg heim, eller levera til betjent miljøstasjon.  Du skal ikkje ta med søppel heimefrå og bruka søppelskura på hytta som avfallsplass. 

Tømming av hytterenovasjon

Det er ikkje tømmeruter for hytterenovasjon, men tømming etter faste vekenummer.

  • På vinteren er det tømming kvar 4. veke.
  • Frå veke 12 er det tømming kvar 2. veke.
  • Frå veke 23-34 er det tømming kvar veke.

Det er tømming i desse vekene: 4, 8, 12, 14, 16, 18, 20, 23, 24, 25, 26, 27, 28, 29, 30, 31, 32, 33, 34, 36, 38, 40, 44, 48 og 52.

Nøkkel til søppelskur

Dersom du treng nøkkel til søppelskur, ta kontakt med styret i hyttelaget.

Nye søppelsekkar

For hytterenovasjon som brukar søppelsekkar, blir nye søppelsekkar køyrt ut i januar og juni kvart år. Det blir levert ut ein rull per hytte for kvar utkøyring. Ved behov for meir, må du kjøpa dette sjølv. La søppelsekkene ligga i skur for hytterenovasjon, ikkje ta dei med til kvar enkelt hytte.