Viktig melding

Lukk meldinga

Vassforsyning

Det kommunale leidningsnettet for vatn er om lag 280 km. Hå kommune får levert sitt vatn frå IVAR IKS

Leidningsnettet i Hå kommune er i forholdsvis god stand. Dette fører til at det ikkje er mange lekkasjar, noko som kjem innbyggarane til gode i form av lågare kommunale avgifter. Krav om vassmålar og inndeling i soner med sonevis vassmåling er viktige verkemiddel for å avdekke vasslekkasjar.

Som næringsmiddel er drikkevatnet underlagt dei strengaste kvalitetskrav. Alt vatn som vert levert frå IVAR IKS er filtrert, karbonatisert og desinfisert. For ein kommune med mykje næringsmiddelindustri er ei god og sikker vassforsyning viktig.

Kvaliteten til vatnet vert overvaka og kontrollert kontinuerlig. Prøver av vatnet vert tatt etter eit fastlagt prøveprogram. 

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000