KULTURTILBOD 55+STÅVÅ, program hausten 2020 Seniorkafé i Hå kulturtorg. Fredag kl. 13.00 Torlandsvegen 14, Nærbø Inngang med enkel servering kr 80,- 18.september Syng deg glad med 2 tynne og ein Runde Ragnvald Wernøe, Lars Ole Bergersen og Per Henry Runde 9. oktober Den gode melodi Dan Andersson sine viser. Diktaren med «Jungman Janson» og «Jag väntar vid min stockeld» kjende seg framand både i skogen der han vart fødd, og i storbyen der dagane hans enda. Om finsk innvandring til Sverige og Norge, finnskogar, om ei tid utan radio og TV med grobotn for forteljing og song: «Tiggarn från Luossa» og «Spelmannen». Konsert ved Leif Blix og Lars Nygaard. 23. oktober Rennesansen Rundt år 1500 kom det fleire store kunstnarar frå Firenze, som Leonardo da Vinci og Michelangelo. I ord og bilete vil kunsthistorikar Elisabeth Søyland fortelja noko frå tida rundt desse kunstnarane. Kunstforedrag ved Elisabeth Søyland, Hå Gamle Prestegard. 6.november Syng deg glad med 2 tynne og ein Runde Ragnvald Wernøe, Lars Ole Bergersen og Per Henry Runde ANDRE TILBOD Hå Frivilligsentral har eit variert tilbod for eldre i kommunen. Publisert24.01.2020 11.15