Vellag i HåI Hå kommune er det mange vellag. Dei har mellom anna delansvar for drift og vedlikehald av leikeplassar. Vellag i Hå kommune kan søka om tilskot til tiltak innen park, nærmiljø, natur og friluftsliv. Kven kan søka? Vellag heimehøyrande i Hå kommune kan søka driftstilskot basert på driftsavtale med kommunen, samt investeringstilskot til nærmiljøanlegg og leikeplassutstyr. Vellag som bidrar med vedlikehold, drift eller bygging av aktivitetsanlegg i friområde. Vellaget må vera registrert med eige organisasjonsnummer i Frivillighetsregisteret. Laget må levera godkjent årsmelding og rekneskap før tilskot blir utbetalt. Lag og organisasjonar som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera fritidskort og ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak på lagsaktiviteter. Kor mykje kan ein søka om? Hå kommune gir eit samla årleg tilskot til vellag på kr. 250.000. Tilskotet er fordelt slik: kr.150.000 tilskot til drift og vedlikehald, kr. 100.000 investeringstilskot. Tilskot til drift og vedlikehald Tilskotet vert fordelt etter: Talet på leikeplassar og grøntområde vellaget held ved like. Storleik på arealet laget har ansvar for (luking, klipping av plen/hekk). Mengde og omfang av vedlikehald på leikeutstyr. Investeringstilskot Hå kommune gir 15 prosent investeringstilskot av godkjent kostnadsoverslag, maksimalt kr. 90.000 per anleggseining, til nærmiljøanlegg det kan søkjast spelemiddel til. Vellaget har sjølv plikt og ansvar for å søka spelemiddel etter gjeldande reglar. Hå kommune gir 50 prosent investeringstilskot av godkjent kostnadsoverslag, maksimalt kr. 25.000 per eining, til anlegg og investeringar som fell utanfor spelemiddelordninga (sklier, vipper, klatrehus mv). Krav: Vellaget må ha skriftleg avtale med Hå kommune, eller annan grunneigar, om rett til bruk av grunn til anlegg det blir søkt tilskot til. Vellaget må sjølv dekka evt. byggesakskostnader. Vellag som får kommunalt investeringstilskot har plikt til drift og vedlikehald av nærmiljøanlegg etter gjeldande reglar i spelemiddelordninga, og i 10 år for anlegg som fell utanfor spelemiddelordninga. Søknad om tilskot må vera godkjent av Hå kommune før bygging av anlegget vert sett i gang. Anlegga må vera godkjende i kommunal handlingsplan for vellag for å ha rett på investeringstilskot. Mellomfinansiering Hå kommune kan gi eit samla årleg rentefri lån på 300 000kr til mellomfinansiering av spillemidler. Midlene for mellomfinansiering vil bli tilbakebetalt etter vellaget får tildelt midler av fylkeskommunen, anlegget blir ferdig bygd og regnskap avsluttet. Lånetaker må ha en kausjonist som oppgis ved avtalesignering. Rapportering Ein kort rapport skal sendast innan 31. desember det året du mottok tilskuddet. Rapporten skal innehalda: Kort beskriving av kva pengane er brukte til og korleis tiltaket er gjennomført. Kven som har deltatt og samarbeidd om tiltaket. Talet på besøkande/deltakarar. Informasjon om korleis prosjektet/tiltaket blir vidareført. Ein enkel rekneskap som viser inntekter og utgifter. Dugnadsinnsats. Søknadsfristen er 1. september kvart år. Søknad om tilskot til vellag skal sendast på eige elektronisk søknadsskjema: Klikk her for å søka om tilskot Sist endra 11.02.2021 09.40