Viktig melding

Lukk meldinga

Kontantstøtte for 2-åringar

Du kan få kommunal kontantstøtte for barn mellom to og tre år som ikkje har barnehageplass og bur i Hå kommune. Du må søka for å få kommunal kontantstøtte.

Kva kan du få i kontantstøtte: 

Satsar for kontantstøtte
Avtalt opphaldstid i veka Beløp per månad
Ingen dagar i barnehagen i veka 6038 kroner
Tre dagar i barnehagen i veka 2415 kroner

 

  • Det er den tildelte tida i barnehagen som avgjer kor mykje du får i kontantstøtte. Det betyr ikkje noko om barnet er mindre i barnehagen enn den tildelte tida.
  • Kontantstøtte er pr i dag ei skattefri yting (jf Skattedirektoratet).
  • Det er viktig at du melder frå dersom barnet begynner i barnehage, eller flytter frå Hå kommune.
  • Du må betale tilbake eventuell feilutbetalt kontantstøtte.
  • Kommunal kontantstøtte vert utbetalt den 12. i kvar månad.

Vilkår for den kommunale kontantstøtta:

  • Du kan få kontantstøtte frå månaden etter barnet fyller 2 år til og med månaden barnet fyller 3 år.
  • Dersom du har barn som er 2 år og ikkje går i barnehage som har offentleg driftstilskot, kan du få full kontantstøtte. Har barnet deltidsplass i barnehage, kan du få delvis kontantstøtte. Du kan få maksimalt stønad i 12 månader.
  • Du får ikkje kontantstøtte for barn som er i fosterheim eller i ein institusjon etter lov om barnevernstenester.
  • For å få rett til kontantstøtte i Hå kommune, må barnet ha rett til barnehageplass i Hå kommune, jf Hå kommune sine barnehagevedtekter. Du har rett på kontantstøtte så lenge barnet oppfyller vilkåra og har bustad i Hå kommune.

 

Kven søker om kontantstøtte?

Dersom de som er foreldre, bur saman, søkjer ein av dykk. Dersom de bur kvar for dykk, er det den som barnet bur fast saman med som kan søkje om kontantstøtte. De må søkje før barnet fyller 2 år. Søkjar de etter den tid får de betalt frå månaden etter at søknaden vert mottatt.

Dersom de har ein skriftleg avtale om delt bustad for barnet etter barneloven § 36, kan de dele kontantstøtta, dersom de er samde om det. Ingen av dykk kan i eit slik tilfelle nytta ein barnehageplass med offentleg driftstilskot, og de må begge i så fall søkje kontantstøtte.

 

Retten til ny barnehageplass eller utvidinga av barnehageplassen for 2-åringar med kontantstøtte gjeld frå 1.august det året barnet fyller tre år, jf barnehagelova § 12 a.