Viktig melding

Lukk meldinga

Støttekontakt

Trykk her for søknadsskjema

Støttekontakt er eit tilbod til personar med behov for sosialt samvær og/eller støtte for å delta i aktivitetar utanfor heimen.

Kven kan få støttekontakt?

Personar som treng bistand for å få ei aktiv og meiningsfull fritid.

Kven kan eg ta kontakt med om eg treng støttekontakt eller vil verta støttekontakt?

Du kan ringa rådgjevar for heimebuande funksjonshemma på telefonnummer 91145270.

Kva må eg leggja ved søknaden?

Legg ved epikrisar og/eller bekrefting på diagnose. 

Diagnosar utløyser ingen rettar, då det er funksjonsnivået som er avgjerande for om du får støttekontakt.

Kor mange timar kan eg få med støttekontakt?

Du får så mange timar som du har behov for. Det er vanleg med 2-4 timar per veke.

Koster det noko å ha støttekontakt?

Nei, støttekontakt er gratis.

Du må dekkja eigne utgifter om de er ute på aktivitetar som kostar pengar. Kommunen dekkjer inntil 50 kroner per time for støttekontakten sine utgifter.

Kven er støttekontakter?

Alle over 16 år kan vera støttekontakt.

Det er ikkje krav om utdanning, men ein må framlegga politiattest.

Ein støttekontakt er ein person som ynskjer å bidra til at andre får ein meiningsfull kvardag. Fordel om du disponerer bil. 

Korleis får eg følgjekort/ledsagerbevis?

Du må søka via søknadsskjema.

Trykk her for søknadsskjema (PDF, 56 kB)

 

Ledsagerbevis gjer det mogleg å ta med ein ledsager på kultur- og fritidsarrangement utan ekstra kostnadar. Du betaler sjølv gjeldane prisar.

Opningstider

07.45 - 15.15

Kontakt

Marianne Aarsland
Rådgiver
Mobil: 91145270

Kartpunkt