Ynskjer du rettleiing eller hjelp knytt til foreldrerolla?
Kommunen sitt familiesenter kan hjelpa deg som er omsorgsperson/føresett for barn og unge.
Familievernkontoret tilbyr ulike kurs, parterapi, familieterapi, individuelle samtalar, grupperettleiing, rettleiing til familiar, mekling ved samværsbrot, sinnemestring og samtalar dersom du ikkje lenger har omsorg for barnet/ungdommen.
Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT) gir direkte hjelp til barn og unge, og rådgjeving/rettleiing til føresette og personale i barnehage/skule.
Helsestasjonen og skulehelsetenesta kan gje deg som foreldre/føresette rettleiing og/eller hjelpa deg å finna dei som best kan støtta dykk.
SLT - koordinatorane i kommunen kan også hjelpa deg dersom du er usikker på korleis du skal gå fram for å sikra at ditt barn får den hjelpa som trengs dersom barnet står i fare for å utvikla kriminell åtferd. SLT kan også hjelpa deg med råd og rettleiing om kven du kan ta kontakt med, og kva du skal gjera, når det gjeld førebygging av kriminalitet.