Korleis kan du påverka?

Kommunen er til for deg som innbyggjar, og me ønsker å involvera deg. Du kan til dømes engasjera deg ved å svara på høyringar, koma på kommunestyremøtene, bli med på gjestebod og melda deg som frivillig. Ta kontakt med servicetorget om du har spørsmål eller innspel.

Har du ei sak eller ein idé du vil ta opp?

Du kan føreslå saker til politikarane i kommunen eller fylkeskommunen. Du treng ikkje å ha stemmerett eller ha fylt 18 år.

Ein måte å gjera det på er å bruka tenesta misak.no.