Kommunale påskjønningar og prisar

Klikk for stort bileteHå kommune deler kvart år ut påskjønningar og prisar både til einskildpersonar og lag eller foreiningar.

Det vert mellom anna delt ut kulturpris, frivilligpris og påskjønning for kulturprestasjonar.

På denne sida kan du senda inn din nominasjon til dei ulike prisane.

Frivilligpris i Hå

Frivilligprisen i Hå

Skjema for å melde inn kandidat til Frivilligprisen

Hå kommune deler ut prisen til einskildperson, organisasjon eller lag som har gjort ein særs vedfull innsats i det frivillige arbeidet i kommunen.
Det kan vera frivillig innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt. Den frivillige innsatsen må ha vore utan løn.
 
Frist for nominasjon er 25.10.20

Kulturpris i Hå

Kulturprisen i Hå

Skjema for å melde inn kandidat til Kulturprisen

Hå kommune deler ut kulturpris til einskildpersonar eller organisasjonar som har gjort ein særs verdfull innsats for kulturlivet i kommunen. Kulturprisen vert utdelt annankvart år (partalsår).

Frist for nominasjon er 25.10.20

Kommunal påskjønning – kulturprestasjonar

Kommunal påskjønning – kulturprestasjonar

Skjema for innmelding av personar eller lag til kommunal påskjønning

Hå kommune deler ut påskjønning til einskildpersonar eller lag som har vunne offisielle Norgesmeisterskap, eller teke medalje i Nordisk, EM, VM eller OL.

Frist for innmelding er 01.12.20

 

Alle prisar og påskjønningar vert delt ut på ordføraren si nyttårsmottaking 1. januar