Viktig melding

Lukk meldinga

Bilete

Vinkelbygget

Om du vil søka om plass i Vinkelbygget, må du ta kontakt med fastlegen eller behandlaren din. Dei kan hjelpe deg med å søka om plass. Søknaden vert vurdert i eige fagteam.

Vinkelbygget er ein helseinstitusjon i Psykisk helse og rusvern i Hå kommune. Me tar i mot vaksne personar med psykiske lidingar og rusproblematikk som har behov for heildøgnsomsorg. Opphaldet er frivillig.

Bygget består av 16 leilegheiter. 12 av desse er institusjonsplassar, av desse er 11 for langtidsopphald og 1 for korttidsopphald, medan 4 leiges ut som kommunale bustadar.

Du kan nå oss på telefon 415 32 729.

Adressen er Klokkartunet 39, 4360 Varhaug

Tenester

Tenestetilbodet i Vinkelbygget vert forma i samarbeid med bebuar. Me tilbyr miljøterapi som er individorientert, har basis i det relasjonelle samarbeidd, og perspektivet er forankra i kva brukaren treng og kva som er viktigast for dennes meistrings- og betringsprosessar. Me ønsker mellom anna å stimulera til myndiggjering, identitet og optimisme. Bebuarane blir verdsette som ekspertar på seg sjølv, i kraft av sine erfaringar.

 

Vårt arbeid inkluderer og observasjon og varetaking av somatisk helse hjå bebuarane.

Leiligheitane

Leilegheitene består av entre/garderobe, kjøkken og stove i eitt, soverom, bad og balkong. Leilegheitene er møblerte, men du kan ta med eigne møbler og private gjenstander ved langtidsopphald. Det er også kvitevarer, kjøleskap, komfyr og kombinert vaske og tørketrommel.

Du har sjølv ansvar for personlege eigendeler, kontantar, innkjøp av hygieneartiklar og anna utstyr til personleg pleie (for eksempel barbermaskin).

Du kan fritt ta i mot besøk i leiligheta.

Om oss

Personalet er ei tverrfagleg gruppe beståande av blant anna sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, ergoterapeutar og sosionomar. Avdelinga har tett samarbeid med tilsynslege og spesialisthelsetenesta, primært Jæren DPS og Mobilt Innsatsteam.

Me jobbar etter Recovery-omgrepet og har tru på at den enkelte kan leva eit meiningsfullt og tilfredsstillande liv, sjølv med alvorleg psykisk liding. Me legg til rette for deltaking og meistring i kvardagen og ser på den enkelte som ekspert på seg sjølv.

Samarbeid med pårørande

Vinkelbygget arbeider for å inkludera, involvera og støtta pårørande og meiner det har ei positiv betyding for behandlingstilbodet. Me tenkjer det er avgjerande å verta møtt med forståing, anerkjenning, tilstrekkeleg informasjon og forutsigbarheit.

 

Pårørandesenteret er ein landsdekkjande nettstad for alle typer pårørande uansett livssituasjon, alder eller kor nær ein står den ein er pårørande for. Her fins interessant fagstoff, gode tips og råd, informasjon om rettigheiter og hjelpetilbod over heile landet. Du kan og lesa om andre pårørande sine erfaringar i kategorien Min historie. Sjølve senteret ligg i Stavanger, dei tilbyr pårørandeveiledning, kurs og undervisning til både pårørande og fagfolk.

 

Her kan du lese meir om Pårørendesenteret

Besøkstider

Det er ikkje fastsette besøkstider, men av omsyn til andre bebuarar og daglege rutinar, ønsker me besøkande særleg velkomne mellom 09:00 og 22:00.

Betaling

Betaling for opphaldet følger forskrift om eigenandel for helse og omsorgstjenester.
Her kan du lesa meir om forskrift om eigenandel for helse og omsorgstenesta.

 

Betalinga dekkjer opphald, mat, medisinar, lege, eigenandel ved reiser til sjukehus/behandlingsstad, naudsynt tannbehandling, tv i fellesstove, utgifter til vask av tøy og tjenestebil som kan nyttast til timeavtaler, aktiviteter og personlege ærend.

Kontakt

Grete Tjåland
Leiar Vinkelbygget
Mobil: 92256851