Regionalt miljøprogram (RMP)

Alle landbruksføretak kan søka tilskot for å gjera miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. I Rogaland kan dei søke frå 1. august til 15. oktober.
 

Miljøprogramma skal fremma særskilte miljømål i jordbruket: 

  • Redusera forureining til vatn og luft 
  • Ivareta kulturlandskap og kulturminne 
  • Tilrettelegga for friluftsliv 
  • Ivareta biologisk mangfald 

Fylkesmannen i Rogaland har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføra. Tiltaka blir bestemt ut frå kva Fylkesmannen i Rogaland ser på som dei største miljøutfordringane i fylket. Kommunen mottek og behandlar søknadane og skal gje rettleiing til søker.

Ordningane

Ordningane omfattar 

1. Kulturlandskap: Drift av bratt areal

2. Biologisk mangfald: Skjøtsel av slåttemark, kystlynghei, styvingstreer. Skjøtsel av biologisk verdifulle areal. Tilrettelegging av hekke- og beiteområder for fugl. Soner for pollinerende insekt.

3. Kulturmiljø og kulturminnar: Skjøtsel av gravminne og andre automatisk freda kulturminnar.

4. Friluftsliv: Vedlikehald av turstier i jordbrukslandskapet

5. Avrenning til vassdrag og kyst: Fangvekster, Ugjødsla randsoner, vegetasjonssone og miljøavtaler.

6. Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel: Nedlegging og nedfelling, bruk av tilførselsslangar

7. Miljøavtaler: Gjelder i områder rundt utvalgte vassdrag, for tiden Håelva og Salteåna

Du finn ein komplett oversikt over RMP-ordningar i Rettleiingsheftet som ligg hjå Statsforvaltaren i Rogaland.

 

Korleis søka?

Du finn søknadsskjema og meir informasjon om ordningen hjå Landbruksdirektoratet

Kontakt

Else Brit Helland Mæland
Landbrukskonsulent
Telefon: 51 79 31 27
Tone Lillemo
Konsulent
Mobil: 992 14 893