Viktig melding

Lukk meldinga

Avtalegiro og e-faktura

Me oppfordrar alle til å inngå avtale om e-faktura eller avtalegiro. Dette er dei enklaste og sikraste måtane å unngå ubehagelege overraskingar på. Ein e-faktura kjem ferdig utfylt og klar for godkjenning i nettbanken, med avtalegiro sørger banken for at rekninga automatisk blir betalt på forfallsdato. Med e-faktura og avtalegiro får du ikkje tilsendt fakturaen i posten. Dersom du har avtale om e-faktura med kommunen, vil alle fakturaar du får frå kommunen (kommunale avgifter, barnehage, SFO, heimehjelp osv.) koma som e-faktura.

Har du fleire bankar, vil dine e-fakturaar vera synlege i alle nettbankane, og du kan velga kva for ein bank og konto du ønsker å betala rekningane frå.

 

Korleis kan eg inngå e-faktura og avtalegiro?

Det er fleire måtar å gjera dette på:

  • Opprett avtale nå: Logg deg inn i nettbanken din og finn Hå kommune som tilbydar av e-faktura og avtalegiro.
  • Opprett avtale når du betalar den neste fakturaen:  Når du betalar den neste rekninga frå oss, vil du i dei fleste nettbankar få spørsmål om du ønsker å oppretta ein e-faktura- eller avtalegiro-avtale. Ved å akseptera tilbodet vert avtalen oppretta. Du får beskjed når avtalen trer i kraft. Hugs at du må betala rekningar tilsendt i posten som normalt, inntil avtalen er aktivisert.
  • Kontakt banken - Kontakt banken din for å oppretta e-faktura og avtalegiro.

 

Fordelar:

  • Unngå å tasta inn KID – Alt er ferdig utfylt, beløp, kontonummer, forfallsdato og KID. Det einaste du må gjera er å godkjenna betalinga. Ved kombinasjon med avtalegiro legg rekninga seg automatisk i forfallsregisteret.
  • Oversikt – Du har oversikt over både betalte og ubetalte rekningar i nettbanken. Du kan få opp bilete av rekninga og skriva dei ut om du ønsker det. Du får også opp både ubetalte og betalte rekningar i nettbanken.
  • Bli varsla – du kan velga om du vil ha varsel på e-post kvar gong du mottek ny e-faktura i nettbanken.
  • Miljøvennleg – Du sparer miljøet for unødvendig papirbruk.