Utleige av skular og barnehagar i HåKontakt den aktuelle skulen eller barnehagen direkte, for leige av lokale. Ved utrekning av leige betaler ein for den leietida som er tildelt etter søknad. Lag og organisasjonar i kommunen skal som før kunna låna rom på skulane gratis for alle dagar, vekedagar og helg. Leigetakarane kan sjølv vaska. Utleier godkjenner vaskinga. Skulen sine reinhaldarar kan vaske etter tariff mot betaling frå leigetakar. Leigetakar må betala vaktmeister etter tariff, dersom det er nødvendig med slik teneste. Leigetakar må dekkje skader som oppstår under utleige. Betaling for skulebesøk frå andre kommunar: Kr. 900 pr brukt lærartime + mat/kopiering. Betaling for elevar frå andre kommunar: Bruk KS sine satsar for betaling mellom kommunar. Utleigeprisar i 2023 Kveldstid måndag-fredag kr pr dag Helg laurdag-sundag kr pr dag Leige av rom 300 575 Leige av gymsal / aula / kjøkken 410 825 Barnehage 825 2025 Kantine rådhuset 825 2025 Paviljongen Nærbøparken 590 590 Leige av skule (evt med basseng) Helg: 9000 Sist endra 03.01.2023 14.55