Parkeringsløyve for forflyttingshemma

Kva må til for å få parkeringsløyve?

Du må ha både:

  • vesentleg nedsett forflyttingsevne, og
  • eit særleg behov for parkeringslette, på ein eller fleire konkrete stader.

 

Parkeringsløyve er ikkje:

  • ei økonomisk støtteordning
  • eit hjelpemiddel for deg som har problem med å bera.

 

Kva må du ha med i søknaden din?

  • Her må du visa at du har eit særleg behov for parkeringslette. Svar på kvifor du ikkje kan bruka dei ordinære p-plassane.
  • Fyll nøye ut kva stader du opplever vanskeleg å bruka ordinære p-plassar (ta med adressane), og kor ofte du bruker dei.
  • Skriv kor mange meter du klarer å gå utan hjelpemiddel.
  • Legg ved passfoto av deg sjølv.
  • Kopi av begge sider av førarkort, viss du søker som førar av bil.

 

Søker du som passasjer?

Me kan gi parkeringsløyve når passasjeren ikkje kan vera åleine, medan bilføraren flyttar bilen. Forflyttingshemma som ikkje køyrer sjølv, skal som hovudregel køyrast til framkomststaden og følgjast inn. Det er ikkje nødvendig med parkeringsløyve for å gjera dette.

 

Send søknad med vedlegg til:

Hå kommune, Servicetorget, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug

Merk at det er servicetorget i rådhuset som skal motta søknadane, ikkje helseadministrasjonen på Nærbø.

 

Ofte stilte spørsmål

Kan eg søka som førar og passasjer? Eg har fått kort som førar. Kan eg vera passasjer og bruka kortet?

Nei. Du må enten søka som førar eller passasjer. Passasjer har sjåfør med seg, og må i tillegg til dårleg gangevne og behov for parkeringslette, ha behov for hjelp utanfor motorvogna. Kortet er personleg.

Eg kan ikkje køyra sjølv lengre. Kan eg bruka kortet som passasjer?

Nei. Kortet må leverast inn. Ønsker du å søka om kort som passasjer, må du søka på nytt.

Er det nok at legen tilrår at du får parkeringskort?

Nei. Legeerklæringa dannar kun det medisinske grunnlaget for vurderinga. Du må også kunna dokumentera at du har særlege behov for  parkeringslette utanfor bustad, arbeid og/eller annan aktivitet. 

Kvifor må eg i søknaden oppgi adressar på stader eg skal parkera, kva eg skal og kor ofte?

Me skal vurdera behovet ditt for parkeringslette. Normalt vil det derfor vera behov for at du som søker gir informasjon om kor du skal treng tilrettelagt parkeringsplass. Me treng adressen til parkeringsområdet, i tillegg til å vita kor ofte du besøker dei aktuelle stadene. Dette gir oss viktig  informasjon for å treffa rett beslutning, samtidig som at det feorenkler saksbehandlinga vår. 

Eg skal parkera på privat parkeringsplass. Kan eg bruka kortet mitt her?

På private parkeringsplassar er det grunneigar som bestemmer om og eventuelt kva for nokre fordeler personar med parkeringskort for forflyttingshemma skal ha. Det er altså ikkje automatisk fritak frå betaling og maks parkeringstid på desse plassane. Sjå etter skilt på parkeringsplassen du besøker. 

Kan eg parkera på HC-plass og følga passasjeren inn?

Av- og påstigning på HC-plass er tillatt. Du kan parkera på HC-plass og følga passasjeren inn til der han/ho skal, for så å flytta bilen til ordinær parkeringsplass. Viss passasjeren har HC-kort treng ikkje førar å flytta bilen frå HC-plassen. 

Eg har mista HC-kortet - kva gjer eg?

Du må melda kortet tapt/stole til politiet. Hjå politiet får du ei tapsmelding. Ta med denne og nytt bilde av deg til servicetorget, så lagar me nytt kort til deg.

Korleis kan eg bruka parkeringskortet?

Når kortet er plassert med framsida godt synleg bak frontruta, kan du:

  • parkera på plassar reservert for forflyttingshemma. Dette gjeld alle offentlege parkeringsplassar som er merka med handicap-symbol eller skilt.
  • parkera utan å betala avgift og utover maksimal parkeringstid. Dette gjeld ikkje når det for forflyttingshemma er fastsett avgrensa parkeringstid.
  • parkera på handikap-plassar på parkeringsplassar drifta av private parkeringsselskap. På desse plassane må du som regel betala avgift.
  • parkera på stader med bustadsoneparkering.
  • passera bomring utan å betala avgift.(Dette må søkast om til Nord-Jæren bompengeselskap, eller det selskapet du har autopass-avtale med) Finn meir informasjon her:  Bomringen. I frittståande bomstasjonar må du derimot betala avgift.

Parkeringskortet gjeld i heile Norge. Det gjeld og i heile Europa, men då etter reglane i dei enkelte land. Løyvet blir vanlegvis gitt for to eller fem år.

Kven kan søka?

Førar eller passasjer av motorvogn, som bare kan ta seg fram ei avgrensa strekning. Søkar må ha både forflyttingsvanskar og eit konkret parkeringsbehov.

For å dokumentera forflyttingsevna di, må du legga ved legeerklæring og notera kor langt du kan gå utan hjelpemiddel. Det konkrete parkeringsbehovet ditt tyder at du må visa til kvifor du ikkje kan bruka dei ordinære parkeringsplassane.
Fyll nøye ut kva stader du opplever det vanskeleg å bruka ordinære p-plassar, og kor ofte du brukar dei. 


 

 

Kva må vera med i søknaden?

I søknaden må du skildra behovet du har for parkering ved bustaden din, arbeidet ditt og andre aktivitetar. Skildra kor, og kor ofte du må parkera. Du må og skriva kor langt du kan gå utan hjelpemiddel. Legg ved:

  • legeerklæring, der legen skildrar forflyttingsevna di og eventuelle hjelpemiddel du bruker
  • passfoto
  • kopi av førarkort dersom du søker som førar
Kva kan eg gjera viss eg får avslag?

Er du misnøgd med den avgjersla kommunen har teke, har du høve til å klaga. Fristen er tre veker frå du fekk svar frå kommunen. I klagen oppgir du kva du ønsker å endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til servicetorget. Dei vil vurdera om det er grunn til å gjera endringar. Dersom avgjersla ikkje blir endra, sender me klagen din vidare til klageorganet til kommunen.

Du vil motta svar på klagen når saka er ferdig behandla.

 

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000