Hå kommune sin frivilligpris

Kvart år deler me ut ein pris til einskildpersonar, organisasjonar eller lag som har gjort ein særs verdfull innsats i det frivillige arbeidet i kommunen. Me oppmoder alle til å melda inn kandidatar.

Bilde av ordførar Jonas Skrettingland og tidlegare kommunedirektør Anne Berit Berge Ims. Foto - Klikk for stort bilete

Meld inn kandidatar til prisen på epost innan 1.12:

frivilligsentralen@ha.kommune.no

Prisen vert delt ut av ordføraren på kommunen sitt nyttårstreff.

Einskildpersonar, organisasjonar eller lag som har gjort ein særs verdfull innsats i det frivillige arbeiet i kommunen kan vinna. Det frivillige arbeidet kan ha vore over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt. Innsatsen må ha vore utan løn.

Representantar for frivilligrådet, saman med to politikarar, avgjer kven som får prisen.