Her kan du registrera vassmålarstand
Målaravlesing på SMS
Me sender ut SMS til alle fakturamottakarar som er registrerte med mobilnummer. Dersom du har fått SMS, registrerer du målarstand ved å klikka på linken i SMSen.
Dersom du ikkje har fått SMS, men ønsker dette til neste år, kan du sjekka om mobilnummeret ditt er registrert her:
Kontakt- og reservasjonsregisteret
Dersom du ikkje får det til, kan du kontakta Servicetorget.
Målaravlesing på nett eller papir
For at me skal kunna rekna ut årsgebyret ditt for vatn og/eller avløp, treng me å vita kor mykje vatn du har brukt det siste året. Det er derfor viktig at du les av, og leverer vassmålarstanden til oss nå snarast.
Dei fleste målarane har 5 siffer som skal lesast av. Ikkje ta med raude tal, eller tal bak komma. Merk at kundenummer og brukarnamn er det same.
Me sender ut vassmålarkort til alle fakturamottakarar som ikkje får SMS.
På målarkortet finn du kundenummer og passord som du kan bruka for å registrera målarstand på nett. Du kan også senda inn målarkortet i posten.
Du har sjølv ansvar for regelmessig kontroll av vassmålaren. Då kan eventuelle store utslag som følgje av feilmåling, feil avlesing, eller lekkasje, bli oppdaga så tidleg som mogleg. Hugs at vasslekkasje i huset blir registrert på telleverket som forbruk, og du må betala for det.
Er du røyrleggar?
I Hå kommune skal det installerast kommunal vassmålar i alle nye bustader med eige seksjonsnummer eller bruksnummer. Du må vera autorisert røyrleggar for å installera, og vassmålar må hentast på lageret på Bøvegen 16 (Pytten). Vassmålaren må plomberast ved montering. Frå 1. januar 2024 må alle søka for å få utlevert vassmålar.
Informasjon sendast inn ved ferdigmelding i Gemini Entreprenørportal. Dersom røyrleggar ikkje brukar Gemini Privat (berrre til 31. desember 2023) må røyrleggaren fylla ut vassmålar rapport-skjema og senda til kommunen snarast etter montering av ny, eller ved byte av vassmålar. Dette skjemaet kan du få hos kommunen.