Viktig melding

Lukk meldinga

Velkomen til dagsturhytta i Hå

I februar 2022 opna Hå kommune ei heilt ny dagsturhytte ved Tvitjørn.

Dagsturhytteprosjektet har eit mål om å bidra til å skapa ein sosial møteplass og få fleire ut på tur i sitt nærmiljø. Etter kvart skal det koma dagsturhytter i alle kommunane i Rogaland.

Hytta i Hå er plassert på ein fin utsiktsplass langs den Vestlandske hovedveg, sørvest for Tvitjørn. Turen startar frå parkeringsplassen ved Ogna skule og tek cirka 40 minutt å gå kvar veg.

Like ved dagsturhytta har me eit eige toalettbygg som du kan nytta deg av.

NB! Hugs å lukka grinder etter deg på veg mot hytta.

Alle dagsturhyttene i Norge har eit felles design. Dei er 15 kvadratmeter innvendig, har enkel utforming med ei dør og vindauge. Hyttene kjem med vedomn og solcellepanel for belysning under takutstikk og ved inngangsparti. I tillegg til å vera eit turmål i seg sjølv, bidreg eit bibliotek i hytta til å gi ei turoppleving utover det vanlege.

Her kan du sjå ruta: