Vil du bli leverandør til Hå kommune?

Kort fortalt

  • Når offentleg sektor kjøper inn varer, tenester og byggje- og anleggsarbeid må me følgja regelverk for offentlege anskaffingar. 
  • Med det følgjer mellom anna at kommunen har plikt til å gjennomføra konkurranser og til å kunngjera dei fleste konkurransane.
  • Regelverket skal sikra at pengane vert nytta effektivt og at innkjøpa bidreg til eit konkurransedyktig næringsliv.

Innkjøp

Lov og forskrifter

Hå kommune skal følgja regelverket om offentlege anskaffingar. Regelverket syner korleis offentlege verksemder skal gjennomføra sine anskaffingar. Kommunen har plikt til å gjennomføra konkurranser og til å kunngjera dei fleste konkurransane. 

Loven og dei mest sentrale forskriftene om offentlige anskaffingar finn du på lovdata:

For meir informasjon om regelverket, sjå anskaffelser.no
 

Korleis bli leverandør til kommunen
  • Hå kommune oppmodar alle potensielle leverandørar til å følgja med på kunngjeringsbasen DOFFIN. Her blir konkurransar frå Hå kommune og andre offentlege oppdragsgjevarar kunngjorde. Her ligg det òg informasjon om tenester som kan gi varsling om kunngjeringar.
  • Hå kommune nyttar konkurransegjennomføringsverktøyet Mercell. Her er det òg mogleg å søka etter aktuelle kunngjeringer. Kommunen har fokus på lokalt næringsliv og oppmodar spesielt lokale leverandørar til å levera tilbod på konkurransane dersom dei oppfyller krav og kan levera det som det er behov for.

Andre nyttige lenker:

Inkluderande kontrakt

Hå kommune ønskjer å vera ein inkluderande kommune, og tar samfunnsansvar ved å skapa eit rausare arbeidsliv ved å nytta reservert kontrakt eller inkluderande kontrakt når det høver.

 

Innkjøp - inkluderande kontrakt

Kva er ein «inkluderande kontrakt»?
  • Dette er ein konkurranse som ikkje blir reservert for verksemder som oppfyller krava i anskaffelsesforskriften § 8-8, men kor det likevel blir stilt krav om ein viss bruk av tilsette som har nedsett funksjonsevne eller arbeidsevne, eller som av andre grunner har spesielle utfordringar på arbeidsmarknaden.

Dette kan bli gjort på fleire måtar:

a) Det kan stillast eit definert krav i kontrakten om bruk av slik arbeidskraft. 
b) Bruk av slik arbeidskraft kan også bli brukt som eit tildelingskriterium. Tilbydt yting skal då vera med i kontrakten.
 

Kva tid nyttar me inkluderande kontrakt?

  • Me vil vurdera kva konkurransar som høver til dette kontraktskravet. Av og til vil til dømes verdien på kontrakten vera så låg at kravet blir for strengt. I slike tilfelle kan det allikevel bli stilt eit krav om at valgt leverandør må stilla på eit informasjonsmøte med NAV.
  • Det vil aldri vera eit krav at leverandør ansetter en person eller tar på seg lønnsforpliktelser.
Kva er ein reservert kontrakt?

Ein reservert kontrakt er ein kontrakt kor konkurransen blir reservert for verksemder med «funksjonshemmede eller vanskeligstilte personer», jf. anskaffelsesforskriften § 8-8, §16-9 eller § 30-3 (identiske bestemmelser):

§ 8-8 Kontrakter som reserveres for virksomheter med funksjonshemmede eller vanskeligstilte personer:

Oppdragsgiveren kan begrense konkurransen til virksomheter eller programmer som har som hovedformål å integrere funksjonshemmede eller vanskeligstilte personer i arbeidslivet. Dette gjelder bare når minst 30 prosent av de ansatte i virksomheten eller programmet har en funksjonshemming eller er vanskeligstilte. Dersom oppdragsgiveren bruker denne muligheten, skal han angi dette i kunngjøringen. 
 

Kva er inkludering?
  • Inkludering er å gi eit menneske ei moglegheit. Det kan vera eit vikariat, ei ordinær tilsetting, tilsetting med lønnstilskot eller arbeidstrening.
  • NAV har mange arbeidsledige i ulike situasjonar. Nokre som vart ledige i går og andre som av ulike årsaker ikkje har klart å komma i arbeid over lengre tid.
  • Saman med leverandørmarkedet er målet å gi moglegheiter og finna løysingar saman. 
Kven talar me om?
  1. Personar som har lita eller inga erfaring for det yrket dei nå søker arbeid i. Kanskje dei ikkje lenger kan jobba i nåverande yrke. 
  2. Personar som over lengre tid ikkje har klart å koma inn i arbeidsmarknaden. Det kan vera feil kompetanse som er etterspurt, språk, helse, mangel på erfaring m.m. I nokre tilfelle kombinasjon av fleire av desse.
Korleis kan dette bli gjennomført i praksis?

Det finst ulike tilskotsordninger som skal vera med på å gjera det mogleg for bedrifter å inkludera. Tilskotsordningane er knytte til den enkelte kandidat sitt behov:

  1. Arbeidstrening
  2. Lønnstilskot
  3. Inkluderingstilskot
  4. Mentor
  5. Tett oppfølging – rettleiar i NAV følger tett opp både bedrift og kandidat. Samtidig kan bedrifta kontakta ein av to rekrutteringskontaktar på NAV Hå som skal vera der for bedrifta.
Kontaktinformasjon inkluderande kontrakt
  • Ta kontakt med NAV Hå om du har spørsmål knytt til dette.

Rekrutteringskontakter NAV Hå:

Camilla Wisnes
Telefon: 412 90 334
E-post: Camilla.marie.wisnes@nav.no

 

Renate Nodland
Telefon: 413 00 289
E-post: Renate.Nodland@nav.no

 

Kontaktinformasjon

Spørsmål til Hå kommune si innkjøpsavdeling kan sendast til:


Innkjøpssjef Marianne Espedal Boge
E-post: mabo@ha.kommune.no

 

Spørsmål som gjeld bygg- og anleggskontraktar kan sendast til:


Eigedom
Eigedomssjef Arne Birkeland
E-post: Arne.Birkeland@ha.kommune.no


Utbygging
Utbyggingssjef Jan Sigve Tjelta
E-post: JanSigve.Tjelta@ha.kommune.no