Tømmekalender
Trykk på den blå knappen rett ovanfor her for å finna gata og tømmeruta di.
Sjå rettleiinga på korleis du kan legga den inn i google-kalenderen din på mobilen. Då vil du få varsling kvar gong det er tømming.
Du kan også skriva ut alle tømmingane for året på ei A4-side.
Praktisk om tømming
- Restavfallsdunken og matavfallsdunken blir tømt kvar 14. dag.
- Papirdunken blir tømt ein gong i månaden.
- Dunken for glas- og metallemballasje blir tømt annankvar månad.
- Sjekk tømmekalenderen for å sjå når det er tømming av dei ulike dunkane hjå deg.
- På tømmedagen skal dunkane trillast ut seinast klokka 06.00.
- Om det er vanskeleg for deg å setta fram dunken, kan du bestilla hjelp til dette.
Sist endra 10.06.2021 12.29