Viktig melding

Lukk meldinga

Avlastning

Her finn du søknad

Du kan få avlasting viss du har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for familiemedlemmar som har ein psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting. Du kan få avlasting i private heimar eller i avlastingsbustad for barn og unge med ekstra stort omsorgsbehov. 

Legg ved epikriser og/eller bekrefting på diagnose. Diagnosar gir ingen rettar, det er funksjonsnivået som er avgjerande. Avgjerda om kor mange dagar ein får med avlasting, vert teken etter kartlegging av behov. Det er i hovudssak 2 døgn pr. månad som vert gjeve.

Tenesta er gratis

Har du lyst å jobba som avlastar?

Du må vera over 18 år. Det er ikkje krav om utdanning, men du må framlegga politiattest. Ein avlastar er ein person som ynskjer å bidra til at andre får ein meiningsfull kvardag.

 

Ring rådgjevar for heimebuande funksjonshemma på 91145270 om du er interessert.

Kontakt

Marianne Aarsland
Rådgiver
Mobil: 91145270