Viktig melding

Lukk meldinga

Tunet brukarstyrt senter

Tunet brukerstyrt senter ved Klokkartunet vert styrd av brukarane. Dei tilsette er tilretteleggjarar. Me har ope både dag- og kveldstid.

Om du ynskjer å ta del i felleskapet vårt kan du ringja eller senda oss ein e-post for å laga ein avtale. Du kan og bare møta opp om det passar best for deg. 

Tunet er ein stad for alle i Hå kommune som treng ein stad å møta andre, og som ynskjer å høyra til i eit fellesskap. Hjå oss er det eit positivt og inkluderande miljø som legg til rette for aktivitet, meistring og nettverksbygging.  Her kan du vere deg sjølv og gjera det du likar saman med andre.

Ved senteret vil du få vener, nokon å snakka med og nokon å dela både vanskelege og kjekke ting med. Du vil oppdaga at du ikkje er åleine om å ha det vanskeleg innimellom, og at me saman gjer kvarandre sterke, delt glede er dobbelt glede.

Du finn oss også på facebook: Tunet brukerstyrt senter i Hå kommune

Kontakt

Tunet brukerstyrt senter
Mobil: 41532725