Barnehagevedtekter

5 Betaling

5.1 Betaling for barnehageplass skjer etter «Forskrift om foreldrebetaling i barnehage». Kommunen følger nasjonale satser. Betaling for kost kjem i tillegg.

5.2 Ved tildeling av plass skal føresette få informasjon om betalingssatsar, betalingsrutinar og retten til å søka redusert betaling ved låg inntekt.

5.3 Årsbetalinga blir fordelt på 11 månadar. Juli er betalingsfri. Dersom avgifta ikkje blir betalt og det manglar betaling utover 2 månadar kan det føra til oppseiing av plassen.

5.4 Husstandar med låg inntekt kan ut frå nasjonale reglar søka om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. 

5.5 I open barnehage betalar brukarane inngangspengar ved kvart oppmøte.