Viktig melding

Lukk meldinga

Hjelpemiddel

Hjelpemiddel har til hensikt å betra funksjonsevna hjå brukar, og lette pleia av sjuke og funksjonshemma. Kommunen låner ut ein del hjelpemiddel gratis ved kortvarige behov eller som ei mellombels løysing. Me låner ut hjelpemiddel i inntil eit halvt år.

Korttidsutlån av hjelpemiddel

Me har eit hovudlager på Hå sjukeheim på Nærbø. Her kan du låna følgande hjelpemiddel:            

Rullestolar Toalettforhøgjer
Rullator Søsterhjelp
Dusjkrakk Arbeidsstol
Gripestang Preikestol
Dusj- og toalettstol  

 

Me har og lokale lager ved heimetenesta.

 

Andre hjelpemiddel til utlån:

Senger Me har eige lager for utlån
Terskeleliminator Vaktmeister hjelper til med montering
Løftestol Me har eige lager for utlån

Har du behov for å låne hjelpemiddel, kontakt Servicetorget på rådhuset, tlf. 51 79 30 00

Brukaren har sjølv ansvar for at hjelpemidla vert levert tilbake. 

Elektrisk rullestol og sykkel kan du ikkje låna på korttidsutlån. Her må det søkjast til NAV Hjelpemiddelsentral i Rogaland. Ergoterapeut kan hjelpa deg å søkja.

 

Har du varige behov for hjelpemiddel (meir enn to år):

Ved varig behov kan du søkja  NAV Hjelpemiddelsentral i Rogaland. Ergoterapeut kan hjelpa deg å søkja.

Førespurnad om ergoterapi: Skjema førespurnad om ergoterapi

Send skjemaet til: Hå kommune, Ergoterapiavdelinga, Lyngvegen 14, 4365 Nærbø.

Hugs å: 

  • signera skjemaet (samtykkeerklæring)
  • fylla ut namn på instans/kontaktperson (om du er ein annan enn søkaren)

 

Desse hjelpemidla (m.a.) kan du verken låna eller søkja om, men må kjøpa sjølve:

  • Håndtak (i dusjen, i trappen inne/ute), rekkverk, forhøgingsklossar

Når det gjeld hjelpemiddel for syn og hørsel, må du søkja dette via augelege og hørselsentralen til NAV/trygd.