Tilskotsordningar til idrettslag og frivillige organisasjonar

Hå kommune gir tilskot til fleire føremål

Søknadsfrist: 20. februar

Tilskotsordningar med søknadsfrist 20. februar

Driftstilskot til idrettslag

Søknadsskjema

Søknadsfrist: 20.februar
 

Kven kan søka: 

  • Idrettslag heimehøyrande i Hå kommune kan søka driftstilskot basert på medlemstal, tilskot til utstyr, kurs og drift av idrettsanlegg.
  • Laget må vera medlem i Norges Idrettsforbund eller Det frivillige Skyttervesen.
  • Idrettslag som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.
Driftstilskot til lag og organisasjonar

Søknadsskjema

Søknadsfrist: 20.februar

Kven kan søka?

  • Frivillege lag og organisasjonar heimehøyrande i Hå kommune kan søka driftstilskot basert på medlemstal, tilskot til utstyr og til kurs.
  • Tilskotet gjeld berre for medlemmer i alderen opp til og med 19 år.
  • Lag og organisasjonar som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.
Driftstilskot til kulturbygg

Søknadsskjema

Søknadsfrist: 20.februar

Kven kan søka?

  • Private kulturbygg i Hå kommune kan søkja tilskot til drift, utstyr og vedlikehald.
  • Kulturbygget må vera organisert under Kontaktutval for kulturbygg og -anlegg i Hå kommune.
  • Kulturbygg som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.
Tilskot til velferdstiltak for eldre

Søknadsskjema

Søknadsfrist: 20. februar

Kven kan søka?

  • Lag og organisasjonar i Hå kommune som driv kontinuerlege nærmiljøtiltak for eldre kan søkja tilskot til drift og til ein tur i året.
  • Tiltaka skal vera opne for alle eldre, uavhengig av lagsmedlemskap, og gje høve til eit fritt og uforpliktande samvær.
  • Lag og organisasjonar som tek imot tilskot frå Hå kommune må akseptera ledsagerbevis som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson.
Driftstilskot til lag og organisasjonar som driv frivillig arbeid retta mot helse og omsorg i Hå

Søknadsskjema

Søknadsfrist: 20. februar

Kven kan søka?

Tilskotet er til frivillige organisasjonar som driv tiltak som utfyller kommunen sine tenester. Dette kan vera:

  • Folkehelsetiltak
  • Pleie- og omsorgstiltak
  • Integreringstiltak
  • Arrangement retta mot brukergrupper
  • Støttetiltak for pårørande

Søknadsfrist: 1. mars

Tilskotsordningar med søknadsfrist 1. mars

Driftstilskot til skulekorps i Hå

Søknadsskjema

Søknadsfrist: 1. mars

Søknadsfrist 17.april

Tilskotsordningar med søknadsfrist 17.april

Tilskot til rehabilitering av private hus

Søknaden må innehalde;

  • Namn på søkjar
  • e-post
  • telefonnummer
  • skildring av planlagt arbeid
  • søknadssum
  • gards/bruksnummer
  • adressa til huset/anlegget det gjeld

Søknad om tilskot kan sendast til:
Hå kommune, v/kulturvernavdelinga, Håvegen 347,
4365 Nærbø.

E-post: post.hgp@ha.kommune.no
Frist: 17. april 2020

Hå kommune kan gi tilskot til rehabilitering av private hus og anlegg i kommunen. Tilskotet skal gå til å dekkja meirkostnader ved rehabilitering etter antikvariske retningsliner. Hus i verneklasse A og B skal prioriterast, men andre søkjarar kan og få tilskot ut frå kulturvernvurderingar. Det er sett av kr 150.000 til formålet i 2020.

Ingen søknadsfrist:

Tilskotsordningar utan søknadsfrist

Tilskot frå folkepulsen

Søknadsskjema

Søknadsfrist: 20. november

Alle idrettslag som høyrer inn under Hå Idrettsråd kan søkja tilskot til aktivitetar som er særskild retta mot inaktive vaksne, innvandrarar og/eller menneske med nedsett funksjonsevne.

Større kultur- og idrettsarrangement

Søknadsskjema

Søknadsfrist: Kontinuerleg

Oppstart av nye kulturtilbod,

Søknadsskjema

Søknadsfrist: Kontinuerleg

Særskilde tiltak og kulturarrangement

Søknadsskjema

Søknadsfrist: Kontinuerleg

Investeringstilskot til idrettsanlegg og investeringstilskot til kulturbygg.

Søknadsskjema

Søknadsfrist: Kontinuerleg

 

Om tilskotsordningane

Dei som tek imot tilskot må akseptera følgjekort for funksjonshemma som grunnlag for betalingsfritak for følgjeperson. Unntekne frå støtte er:

  • Lag som primært tek i vare yrkes- og dei økonomiske interessene til medlemmane.

  • Politiske parti og ungdomsorganisasjonar.

  • Politiske aksjonar.

Etter at søknaden er behandla, vert det gitt skriftleg melding om vedtaket. For seint innkome søknader vert til vanleg ikkje behandla. Eit lag kan ikkje få tilskot til same aktivitet frå fleire etatar i kommunen.

Kontakt

Lars Erling Friestad
Telefon: 51 79 30 74
Mobil: 415 32 643