Viktig melding

Lukk meldinga

Hukommelsesteamet

  • Kan lytta til deg og din familie
  • Kan kartlegga og greia ut saman med fastlege
  • Kan gje råd og rettleiing
  • Kan finna praktiske løysningar i kvardagen
  • Kan informera om tenester og tilbod

 

Demenskoordinator skal fungera som eit bindeledd mellom personar med demens og deira pårørande.

Hukommelsesteamet er eit tverrfagleg team som består av demenskoordinator, demenskontaktar i heimetenesta, fastlege og andre yrkesgrupper. Hukommelsesteamet hjelper med kartlegging og å greia ut demens i heimen.

Samtalegrupper er eit tilbod om støtte og møta andre i same situasjon.

Brukar- og pårørandeskule blir arrangert årleg med fokus på å gje informasjon og rettleiing om sjukdommen, og møta andre i same situasjon.

 

Korleis komma i kontakt?

  • Ta kontakt med fastlegen din for å få tilvising til hukommelsesteamet
  • Heimesjukepleien kan og hjelpa deg vidare

 

Tegn på demens:

  • Gjentar seg sjølve
  • Ikkje orientert for tid og stad
  • Forandringar i humøret
  • Språkproblem
  • Problem med å kjenna igjen folk

 

Oppfølging etter demensdiagnose:

  • Eigen kontaktperson
  • Oppfølging
  • Avlasting av pårørande
  • Styrkje deg og dine pårørande sine evner til å meistra situasjonen

 

Meir informasjon på telefon 48 27 50 47.

Besøksadresse: Klokkarhagen sjukeheim, Klokkartunet 51, Varhaug