Viktig melding

Lukk meldinga

Kjøp klistermerke til ekstrasekk

Vil du at søppelbilen skal henta ein ekstrasekk med restavfall hjå deg?

Treng du å kasta litt ekstra restavfall ei gong, kan du kjøpa eit søppelmerke og klistra det på ein gjennomsiktig søppelsekk ved henting. Merka sekk skal plasserast ved sida av restavfallsdunken på tømmedagen for restavfall. Umerka sekkar for restavfall, vil ikkje bli henta. OBS! Det er bare lov å setja ut ein sekk om gongen. Har du fleire sekkar, må du levera dei sjølv i Pytten.

Det kostar 45 kroner per ekstrasekk, og kan kjøpast på to ulike måtar:

Vipps søppelet vekk

  • Søk opp Vippsnummer #528977.
  • Når du har betalt, vil du få opp eit nummer som er kalla både ID, transaksjonsnummer og ordrenummer (10 siffer). Det står tre plasser på kvitteringa di. Skriv ned tala på ein lapp og fest han på søppelsekken. Eit godt tips er å skriva med tusj på ein tjukk teip.
Skjermdump som viser søppelmerke-kvittering i Vipps. - Klikk for stort bilete

Kjøp ferdige klisterlappar

Du kan også kjøpa ferdige klister (45 kr) i servicetorget på Varhaug, gjenvinningsstasjonen på Nærbø, bensinstasjonen på Vigrestad eller bensinstasjonen på Ogna.