Viktig melding

Lukk meldinga

Legevakt

Legevakta er eit tilbod til deg med akutt sjukdom eller skade som ikkje kan venta med behandling til neste dag.

Bilde av gul legevaktbil - Klikk for stort bilete

Klepp, Time og Hå kommunar har frå 1.juni 2022 samarbeid om legevakt.

 

For deg som bur i Hå kommune er det meste som før:

  • Dersom du treng legehjelp på kveldstid, på natta, i helger og på helligdagar, er legevakta i Hå på Bekkeheien tilgjengeleg for deg slik som den alltid har vore.
  • Fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til, er din hovudkontakt inn i helsevesenet. Dersom det er mogleg bør du alltid ringa fastlegen først. Treng du likevel kontakt med legevakt på dagtid, ring 116117 og du kjem til Klepp og Time legevakt (adresse: Olav Hålands veg 2).

Ellers gjeld som før:

  • Ta kontakt på telefon 116117 før du kjem til legevakta
  • Om det er akutt og står om liv, ring 113.

Vanlegvis vert hjelpa gitt ved legevakta på Bekkeheien (adresse: Rimestad 16). Ved behov kan legen koma i sjukebesøk.

Hvis du er i ein annan kommune og treng å få kontakt med legevakta i Hå, kan du ringa 51 79 35 70.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringa?
  • Ring fastlegen din i opningstida.
  • Ring legevakt på telefon 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta. Det er gratis å ringa.
  • Ring 113 når det er akutt og står om liv.

Fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til er din hovedkontakt inn i helsevesenet. Hvis det er mulig bør du alltid ringa fastlegen først.

Når skal du ringa 113?

Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringa 113. Har du eit av desse symptoma skal du alltid kontakta medisinsk nødhjelp 113:

  • Nye lammelsar i ansikt – vanskar med å smila, le eller visa tenner.
  • Nye lammelsar i arm – vanskar med å løfta begge armar.
  • Nyoppståtte språkforstyrrelsar, finn ikkje ord eller utydeleg tale.
  • Plutseleg og uforklarleg ustøhet.
  • Medvitslaus eller nedsett bevissthet.
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt.
  • Bruk av hjartemedisinen nitroglyserin gir mindre effekt enn vanleg.
  • Uventa ubehag i brystet, generell uvelhet og kvalme.
Bilde av logo legevakt - Klikk for stort bilete

Opningstider

  • Time etter avtale mellom 15.15 og 07.30 på kvardagar, og heile døgnet laurdag og søndag.
  • Ta kontakt på telefon 116117 før du kjem til legevakta.

Kontakt

Legevakt Bekkeheien
Telefon: 116117

Kart